Mest aktive brukere »

Kultur.

Lyden av sommarmånadene

Alle foto: JARLE HOVDA MOE

Utan musikk ville livet vore ei misforståing, sa Nietzsche. Når dei kvite og grøne eksamenspapira er nummererte og leverte inn, ventar ein velklingande festivalsommar.

Tekst: SNORRE STANDISH NORHEIM
Sist oppdatert: 01.10.15 kl. 13.31

Nattjazz

Dato: 22. til 31. mai.

Stad: USF Verftet.

Studentpris: Dagspass 350 kroner. Festivalpass 1400 kroner.

– Alle scenene våre er samla på eitt hus. Festivalområdet er veldig kompakt. Du kan gå på ein konsert, og så gå til ei anna scene og oppleva noko heilt nytt – kanskje eit nytt favorittband, seier pressesjef Roger Lygre Solvang.

Festivalen opererer med eit vidt jazzomgrep, med rom for verdsmusikk og andre norske artistar innan pop og rock, i tillegg til jazz og scatting.

Wayne Shorter er ein gammal Miles Davis-kollaboratør, og for dei som ikkje har høyrt 80-åringen før, kan dette bli einaste sjanse til å høyra jazzlegenda i Bergen. På dagtid held avgangsstudentar ved Griegakademiet gratis jazzkonsertar, som er opne for publikum.

Festspillene i Bergen

Dato: 21. mai til 4. juni.

Stad: Over heile byen.

Pris: Alle tilskipingar er 150 kroner for dei under 30 år.

Festspillene, som er den største musikk- og teaterfestivalen i Norden, er eit årleg must for kulturinteresserte, og har i år samla 200 ulike tilskipingar under dei tre fanene «fornøyelser», «forbindelser» og «forstyrrelser».

Datarock og kanadisk tolking av Tom Waits, dansekompani og verdsmusikk står på tapetet. Laurdag 24. mai skal det smale Skostredet bli sete for visuell kunst, og dessutan gratiskonsert, som blir avslutta av sjarmøren Sondre Lerche.

Dei som ønskjer tolkingar av Händel, Beethoven, Griegs a-mollkonsert og Franz List skal heller ikkje gå svoltne. Gjennom å tolka den overleverte musikken bevarer Festspillene det Dag Solstad, i sin opningstale av 2012, kalla «kunstens historiske dimensjon».

Eggstock-festivalen

Dato: 4. til 6. juni.

Stad: Det Akademiske Kvarter.

Studentpris: 80 kroner per dag. Festivalpass 130 kroner.

Rockefestivalen introduserer uetablerte ungdommar frå Hordaland for musikkbransjen og nye tilhøyrarar, fortel tilskipingsansvarleg i musikkorganisasjonen AKKS og festivalsjef Aleks Wilhelmsen.

– Eggstock står veldig sterkt i musikkmiljøet her i Bergen, i og med at artistar som Sondre Lerche, Tarjei Strøm, Matias Tellez, Razika, Hvitmalt Gjerde, Major Parkinson og ein heil haug med andre starta her.

Publikumsoppslutnaden tok seg opp i fjor, med 300 besøkande kvar dag, då festivalen returnerte til Kvarteret, etter fleire år i eksil på Verftet.

Surfrockarane i Hvitmalt Gjerde skal spela under kunngjeringa av banda som går vidare til å spela på finaledagen. 24 band speler over 2 dagar, før 10 går vidare til finalerunden.

Musikkfest

Dato: 7. juni.

Stad: Festplassen, Kvarteret og Felix.

Pris: Gratis.

Det franske konseptet Fête de la Musique vart til i 1982, og blir skipa til i over 100 land. Bergensversjonen har lege i dvale i 20 år. Tilskipinga skal ha scener både innandørs og utandørs, og fungera som eit springbrett for lokale band.

– Me vil gjeva unge og uetablerte ei moglegheit til å visa seg fram for eit breitt publikum, og skapa liv i gatene. I år begynner me med tre scener, men målet er å utvida etter kvart, seier styreleiar Inga Skaljic Falch.

Målet er å skapa ein tradisjon den første laurdagen i juni. Oppslutnaden har vore stor, og eldsjelene bak Musikkfest har måtta seia nei til fleire band, fordi det ikkje var plass.

Bergenfest

Dato: 11. til 15. juni.

Stad: Bergenhus festning.

Pris: Dagspass 685 kroner. Sundag 790 kroner.

– Me prøver å plassera artistane på ein fornuftig måte, med tanke på sjanger og publikum. Det som treff studentmassen best er kanskje laurdagen, med Lana del Rey, Franz Ferdinand og Lars Vaular, seier daglig leiar i Bergenfest og Bergen Live, Frank Nes.

Bergenfest har lagt vekt på stor sjangerbreidd. Lana Del Rey og John Mayer er to av dei største artistane som opptrer på europeiske festivalar i denne perioden, og har ikkje spelt i Bergen før.

The Stripes og Royal Blood er to av dei mest omtalte artistane så langt i år. Saman med Lulu James og Laura Mvula blir dei trekte som særleg spanande, av dei mindre kjende artistane.

Bergen Live skipar òg til eindagsfestivalen Bergen Calling 28. juni, der Iron Maiden får selskap av Ghost, Kvelertak og Sahg på Koengen.

The Tall Ships Races

Dato: 24. til 27. juli.

Stad: Vågen.

Pris: Gratis.

For fjerde gong kjem dei høge skutene med sjanti-messande matrosar i mastene. Årets versjon skal appellera til alle lag i folkesetnaden, lovar prosjektleiar Haakon S. Vatle.

– Me har gått ut med at line-upen er «Vestlandets mest fiffige». Me ønskte ein frisk og freidig line-up, som fekk folk i regionen til å seia: Her er det noko kult som skjer, då må me vera i byen.

Potpurrien inneheld Real Ones, Kakkmaddafakka, Razika, Thea Hjelmeland og PolkaBjørn og Kleine Heine, med fleire.

Enslaved skal avslutta tilskipinga frå dekket på Statsraad Lehmkuhl med ein komposisjon av Ole Hamre, akkompagnert av sjantikor, skipsfløyter og fyrverkeri i 17. mai-fargane.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.